Archive for oktober, 2013

29.10.13

Fragment av norsk mellomalder

http://pahoyden.no/2013/10/puslespelbiblioteket

From manuscript fragments to book history

Små, små bitar av gamle pergament skal til saman kunne gi eit bilete av kva som påverka Noreg i mellomalderen.

– Me skulle sjølvsagt likt å ha alt, seier Åslaug Ommundsen.

I ein perm er kopiar av gamle pergamentbitar sirleg putta inn i kvar si plastmappe. Dei små bitane, dei minste om lag så store som frimerke, kan seia noko om korleis mellomalderen var i Noreg. Kven var ein påverka av? Og kva internasjonale impulsar var viktige allereie frå 1100-talet?

Ommundsen er forskar og prosjektleiar. Prosjektet har fått støtte frå Bergens forskingsstiftelse og Universitetet i Bergen i fire år, og høyrer heime ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Det humanistiske fakultetet.

[…]

Ommundsen har doktorgrad i latin. Med i prosjektgruppa er ein ph.d som har fransk og gamalfransk som spesialisering og ein postdoktor med norrønt og latin. I tillegg er det tilsett ein forskar i delstilling med paleografi som spesialfelt.

[…]

– Når me jobbar med eit fragment, byrjar me med å kjenna på pergamentet og sjå på blekket og fargane. Spesielt blåfargane varierer mykje. Det verkar som ein brukte det ein hadde når ein skulle laga denne fargen, det var nok enklare for dei som budde lenger sør i Europa, seier Ommundsen.

Raudfargen vart brukt for å markera nytt avsnitt, og dagens ord «rubrikk» kjem av «ruber», som tyder raud.

– Me ser også på handskrifta til skrivaren, altså korleis han eller ho utforma skrifta, og vurderer kva sjølve skrifta kan seie oss om når, kvar og under kva tilhøve handskriftet blei til. Gjennom å sjå på det boktekniske og skrifthistoriske i tillegg til innhaldet, forsøkjer me å henta så mykje informasjon som mogleg ut frå kvar enkelt pergamentbit, seier Ommundsen.

Reklamer